Standal Natur- og feriesenter
Velkomen til Ytre Standal
Midt i villaste Sunnmørsalpane ligg Ytre Standal. Med kort veg til både klatreeldoradoet Molladalen, og til fjordfiske på vakre Hjørundfjorden er dette plassen for å få gode naturopplevingar.
Vi har tre hytter til utleige, to av dei ligg ved sjøen og den tredje eit stykke framme i dalen. Her kan du slappe av og nyte flott natur i rolege omgivnadar.
På garden har vi 150 geiter og kje. Har du prøvd å mjølke geiter før? Her har du sjansen til å vere med når vi mjølkar geitene og forar dyra. På ein gard er det alltid aktivitet. Vi har også ein leikeplass på tunet med mellom anna trampoline og klatrestativ. Dette er ein feriestad for heile familien!
Du kjem deg til Ytre Standal ved å fylgje E39 frå Ålesund til Festøy, derifrå køyrer du om lag 10 km inn Hjørundfjorden. Kjem du frå Ørsta går vegen til Follestaddalen og over Standaleidet, deretter om lag 5 km ut fjorden mot Festøy.
Marta og Kjetil Standal ynskjer deg velkomen til ein ferie på Standal Natur- og feriesenter.
Møre og Romsdal Feriehus Bungalow - Møre og Romsdal Feriehus Bungalow - Ytre Standal Feriehus Bungalow
6174 Barstadvik
Ytre Standal
Møre og Romsdal
Norge
Tel: 70061543
Faks: 70061570
Veibeskrivelse
Feriehus Bungalow Ytre Standal
Feriehus Bungalow Møre og Romsdal
Feriehus Bungalow Møre og Romsdal